Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Nytt smittetilfelle tysdag

Kommunen har igjen motteke melding om ei positiv smitte. Dette er ein av dei som testa positivt på sjølvtest og som alt var i karantene som no er stadfesta smitta gjennom PCR test. Totalt er det no 17 personar i karantene i Åseral.

Korona+virus

Nye smittetilfelle i Åseral sundag

Kommunen har i dag fått stadfesta eit nytt tilfelle av smitte etter PCR test. Det dreier seg om om Deltaviruset denne gong. I tillegg har me 2 positive hurtigtester som det no er teke PCR test av og som me avventer svar på. Det er ingen samaheng mellom dei ulike tilfella og smittesporing pågår.

Koronabilete

Ny person med påvist smitte fredag 17. desember

Endå ein person fekk i dag påvist smitte. Denne personen er nærkontakt med tidlegare smitta og var difor allerie i karantene. Vedkomande var på møte i snøscooterklubben måndag kveld og me ber andre som var på dette møtet om å teste seg med hurtigtest om dei skulle kjenne symtomer.

Det er og stadfesta at smittetilfellet frå torsdag er av omikron varianten.

Andre dag på rad med ny smitte i Åseral

For andre dag på rad har kommunen motteke melding om nytt smittetilfelle. Smittesporing pågår og dei to tilfella kan ikkje knyttast til kvarandre. Dei smitta er i isolasjon og nærkontakter er i karantene.

Korona+virus

Takk til alle som står på!

Etter eit par månader med vanleg kvardag kom denne bølga litt uventa på oss. Det var ikkje sånn vi ønskte at vi skulle avslutte året, med avlyst julefest for ungane i bygda og deira føresette. Håpte i det minste at skolen og barnehagen skulle bli verande  på grønt, men det skar seg og.

Då bleiknar det litt at vi er mange som må tilbake på heimekontor, sjølv om det heller ikkje er ønskelig.

Verre er det for serveringsstadane, for ungdommane og for helsepersonell som atter må trå til. De kjenner nok godt på at dette er tungt.

Håpar at de som kan, vel å vaksinere dere, både for eigen del og for andre. 

Og så har vi ikkje noko val anna enn å gjere det beste ut av det, vi må fokusere på det vi kan og ikkje på det vi ikkje kan.

Takk til alle som står på i denne pandemien med både stort og smått!

mvh
Inger Lise Lund Stulien
ordførar

Inger Lise Lund Stulien

Ny smitte påvist i Åseral

Det vart i dag meldt om ein ny positiv prøve på Covid-19 i Åseral. Vedkomande og husstand er sett i isolasjon og karantene. Nærkontakter er sett i karantene. 

Korona+virus

Nye nasjonale smitteverntiltak frå 15. desember. Oppdatert!

Det viktigaste er framleis å ta vaksine så snart som råd, halde avstand til andre enn dei du bur saman med til dagleg, god hand og hostehygiene, hald deg heime om du er sjuk og bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand. Alle vert også oppmoda om å ha færre (få) nærkontaktar utanfor eigen husstand - særleg innandørs.

Korona+virus