Åseral kommune held i desse dagar på med å utarbeide ny kommuneplan, og vi har lyst til å høyre med deg kva du meiner er viktig for bulyst.

Bli med på ei spørjeundersøking! Den er heilt anonym og tek om lag 5 minutt.

I tillegg inviterer vi til møte for innflyttarar den 12 januar klokka 18:00 på rådhuset.

I møtet tek me utgangspunkt i kva de har svara og drøftar dette, saman med andre ting som dukkar opp. Meir info og detaljar om møtet kjem seinare.

Har du lyst til å vere med? For å få tilsendt spørjeundersøking og info, ta kontakt på e-post eller telefon til

Kari.Roynlid@aseral.kommune.no (Telefon 90129245)
Randi.Byremo@aseral.kommune.no (Telefon 958 45 100)