Ope kvar dag heile sumaren!

Tradisjon tru held Minne ope kvar dag heile sumaren. 

Kaffistova sel kompe, rjomegraut, kaffi, slush, smoothie, is, cookies, donuts, frappe med meir kvar dag! Her kan du altså få både varm mat og kald dessert gjennom heile sumaren.

På Minne finn du og turistkontoret i Kyrkjebygd. Ta gjerne turen innom og få med deg gode tips til turar og aktivitetar rundt om i heile kommunen.

Premiere: Vasskraft - vegen til velstand

Laurdag 28. juni kl 14:00 vert det storstilt premierefest i Åseral fleirbrukshall!

Filmen tek føre seg utbygginga av vasskraft i Åseral frå oppstarten og fram til det vi har i dag.

Servering av kaffi og kake

Billett kjøpast i døra.

Filmframsyning kvar dag!

Filmen kan du sjå kl 12:00 og 14:00 kvar dag i heile sumar på Minne kultursenter.

Vaksen (16+): 100,-
Ungdom (12-16 år): 50,-
Born under 12 år: Gratis

Billett kjøpast i døra. 

Familiedag 5. juli

Velkomen til sumarens gøyaste familiedag på Minne! 

Klokka 12:00 blir det trylleshow med Jan Larsèno!
 
Det blir aktivitetar for både store og små, og som vanleg vil det vere forskjellige stand, demoar og ting som skjer denne dagen. 

Jæren toppmat og brannbilen kjem, det blir rigga opp smie, Tom Stulien demonstrerar muring med gravemaskin og vi får sjå korleis ein kiler stein. 
 
Coop prix inviterar til sentrumsfrokost utanfor butikken klokka 10:00 denne dagen, så vi anbefalar å starte dagen der!

Veteranbilhelg - 13. og 14. juli

Denne helga vil Kyrkjebygd bugne av veteran- og amcarbilar, det blir gudsteneste, dans, trekkspillmusikk, samlarmesse, mykje god mat og kake, og ikkje minst god stemning!

Laurdag 12. juli:
- Antikk og samlarmesse i fleirbrukshallen
- Ljosland fjellstove sel mat i kantina på skulen

Sundag 13. juli
- Veteranbilgudsteneste i Åseral kyrkje klokka 11:00
- Hægebostad trekkspilklubb speler opp til dans på Minne klokka 13:15
- Antikk- og samlarmessa i fleirbrukshallen er ope frå 11:00-17:00

Naturlostur til Rjukanlia 20. juli

20. juli er det naturlostur til Rjukanlia i Kyrkebygd - der det første kraftverket i Åseral stod
Før turen blir filmen “Vasskraft - vegen til velstand” vist kl. 11.00 på Minne. 
Så går turen til Rjukanlia, først på asfaltvei, så sti og så over elva på steiner til inntaksdammen for kraftverket. Vi følger «den gamle rørgata» fra inntaksdammen til der kraftverket stod. Vi går over elva, følger denne nedover til vi kommer på sti langs elva og på asfaltvei tilbake til Minne. Gode tursko anbefales. 

Lengde: 4 km på vei og sti i ulendt terreng 
Møtested: Minne kultursenter 
Tid: 11.00 (film) / 12.00 (naturlostur) 
Naturlos: Arna Berg 
Arrangør: Åseral kommune 
Telefon: 905 00 467 
Pris: Kr 100,- for å se filmen, turen er gratis.

Naturlostur til Sosteli 27. juli

27. juli blir det naturlostur til Sosteli, et ødegårdsanlegg fra eldre jernalder. Gårdsanlegget består av flere hustufter, åkrer, gjerdesystemer og gravminner. Vi blir guidet rundt i området og får høre Sosteli sin historie. 

Vi går frå Minne kultursenter klokka 12:15. Når vi kjem til Sosteli blir vi møtt av Betsy Folkvord som viser oss rundt og fortel Sosteli si historie. 

Det er mogeleg å køyre heilt til Sosteli, men her er begrensa med parkeringsplassar. Ta til høyre rett etter Forgardsbrua, og følg skilting til Sosteli. 

Guiding starter kl. 13.00 i Sosteli.
Lengde: 4 km på vei og sti 
Møtested: Minne kultursenter 
Tid: 12.15 
Naturlos: Betsy Folkvord 
Arrangør: Åseral kommune 
Telefon: 911 56 906