For å få straumstøtte må du melda inn forbruket for dei aktuelle månadene til kommunen. Det er altså forbruket i kWt kommunen må få opplyst, ikkje kronebeløpet du har betalt. Støtta vil bli rekna ut frå gjennomsnittsprisen for straum i vårt område for desse månadene.

Kven kan få støtte?

  • Verksemda må ha eige straumabbonement.
  • Landbruksverksemder som har fått tilsvarande statleg støtte kjem ikkje inn under den kommunale ordninga.

Har du spørsmål om støtta?  Ta kontakt med kommunen ved Øyvin Moltumyr (tel 911 36 483 eller epost: oyvin.moltumyr@aseral.kommune.no )

- Bruk det vedlagte søknadsskjemaet for å registrere deg og melde inn forbruk.

- Send samstundes inn kopi av straumrekningane.

- For kommunen er det ønskeleg å kunne betale ut støtta så fort som mogleg.

- Meld difor inn forbruket ditt innan 1. mai.

Som det går fram av vedtaket så har hovudutvalet for drift og utvikling fått til å avgjera eventuelle spørsmål.

SØKNADSSKJEMA