Ver forsiktig!

I ein situasjon som denne, og med dei mange skogbrannane her i kommune for nokre år sidan friskt i minne, er det ekstra viktig å vere forsiktig med open eld. 

Det er i tidsrommet 15. april til 15. september forbod mot å gjere opp ied i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Det er likevel tillatt å gjere opp eld der det åpenbart ikkje kan medføre brann.

Med skog og anna utmark meines alle områder som ikkje er innmark. Eksempler på innmark er gårdsplasser, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og liknande områder.

Det viktig å påpeike at det ikkje er tillatt å brenne søppel, bygningsavfall, plast og oljeprodukter o.l.

Forbodet er heimla i Forureiningslova §§ 7,28 og 32.