VAKSINERING
Kommunen får tilsendt vaksine kvar veke i høve til innbyggartalet rekna opp mot tidsrommet mellom 2 og 3 dose som skal vere over 20 veker. Kvar veke blir folk no kalla inn til vaksinering med 3 dose, men ettersom Åseral vart nedprioritert på dose 1 og 2 i høve til kommunar med høgt smittetrykk på den tida heng me noko etter når det gjeld tildeling av dose 3 i høve til regjeringa sine mål.

Åseral ligg noko etter landsgjennomsnittet når det gjeld personar som har latt seg vaksinere. For dose 1 er snittet i landet på 92,7% over 18 år medan talet for Åseral er 85,6 %. For dose 2 er snittet i landet på 89,4% medan talet for Åseral er 84,2%.

Har du ikkje blitt vaksinert endå? Ta kontakt med legekontoret på telefon 38 28 59 00 og det blir fiksa!

Under finn dykk tala som er henta ut idag når det antal vaksinerte i Åseral fordelt på dei einskilde aldersgruppene.

Vaksinestatestikk 07.01.2022.JPG