Smittetala i regionen og heile landet er sterk aukande, men talet på innlagte på sjukehuset går heldigvis ikkje opp i høve til auke på smitte. Det er no omikronvarianten som er dominerande og denne har eit mildare forløp enn forgjengaren. Over halvdelen av dei innlagte på sjukehusa er uvaksinerte då desse vert råka hardare enn dei som er vaksinert. Oppmodinga er difor at så mange som mogleg tek i mot tilbodet om vaksine. Me vil samstundes be om at alle følgjer opp om dei smittevernreglane som gjeld og minner om at det er PÅBOD om å nytte munnbind i alle offentlege lokal, butikker m.m om ein ikkje kan halde 1 meters avstand til ei kvar tid. Det er viktig at ikkje alle blir smitta på ei gong for å ikkje overbelaste helsevesenet. Målet er ikkje lenger å slå ned smitten, men å dryge den ut. Hald ut litt til!