1. Hald deg heime og hald avstand til andre
Testar du positivt for covid-19, bør du halde deg heime, halde avstand til dei du bur saman med og eventuelt bruke munnbind.

Kor lenge bør du vere heime?

Dersom du har symptom:
Du bør halde deg heime i minst 4 døgn frå tidspunktet symptoma starta. Du bør vere feberfri i minst 24 timar, utan å bruke febernedsettande medisin. Dette gjeld uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje.

Dersom du ikkje har symptom:
Du bør halde deg heime i 4 døgn frå tidspunktet du fekk positivt resultat. Dette gjeld uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje.

Les meir om anbefalinga om å halde seg heime. 

2. Seie ifrå om at du er sjuk
Du kan seie ifrå til folk rundt deg at du er sjuk, slik at dei kan vere ekstra oppmerksam dersom dei får symptom sjølv. Tilsvarande nære er dei du bur saman med, kjærast, bestevenn, overnattingsbesøk eller andre du har hatt nær kontakt med over ei lenger stund.
Nærkontaktane anbefalast, som alle andre, å ta ein koronatest dersom dei har symptom. Sjå meir om koronatesting her.

3. Registrer positiv sjølvtest i kommunen
Ved å registrere den positive sjølvtesten din, bidrar du til å halde oversikt over koronasituasjonen.
Dei fleste kommunar har eit digitalt smittesporingssystem. Du må logge deg inn med elektronisk ID for å registrere positiv sjølvtest for deg sjølv eller barna dine. Har du ikkje moglegheit til å registrere digitalt, kan du lese på nettsida til kommunen kva du kan gjere.

Du registrerer den positive sjølvtesten på nettsida til kommunen.

Merk at når du registrerer sjølvtest i systema til kommunen, blir ikkje dette registrert i koronasertifikatet.

4. Sjekk om du treng ein bekreftande test
Enkelte kan ta ein bekreftande PCR-test ved teststasjon.

  • Alle som ikkje har fått oppfriskingsdose (3. vaksinedose), kan  trenge ein bekreftande test for å få gyldig koronasertifikat.
  • Alle som har fått to vaksinedoser og har hatt korona for meir enn 3 månadar sidan. 
  • Barn under 16 år.
  • Alle med alvorleg svekt immunforsvar.
  • Dersom du oppsøker helsehjelp og legen meiner det skal takast ein bekreftande test. Dette blir gjort der du får helsehjelp.

Her registrer du positiv sjølvtest i Åseral kommune