PRIS, BETALING OG MODERASJONSORDNINGA

PRIS

Kommunen fylgjer statens makspris for barnehagetilbod, øvrige priser for 2-3-4 dagers tilbod er jf. kommunens gebyrregulativ. 

SYSKENMODERASJON:

Barnet har sysken i barnehage. Beregnast automatisk og du treng ikkje søke. Sysken må bu i same hushaldning. Det blir gitt 30 % søskenmoderasjon for barn nr. 2. For det det 3. barnet og eventuelt fleire barn, har Stortinget vedtatt gratis barnehageplass frå hausten 2023.

REDUKSJON AV FORELDREBETALING UT FRÅ INNTEKT

Du må sjølv søkje på fastsett skjema, og søknadar blir handsama ut frå hushaldningas samla inntekt. 

VIL DU VETE MEIR?

GRATIS KJERNETID I BARNEHAGEN

Gratis kjernetid betyr 20 timer gratis opphald i veka i barnehagen. Dersom barnet har ein heildagsplass må du betale for opphald utover dei 20 timane.

Barn som har rett på gratis kjernetid har også rett på reduksjon i foreldrebetalinga.  

BARN SOM KAN FÅ GRATIS KJERNETID 

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldninger med lav inntekt, har rett til å få 20 timer gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå og med 1. august 2019 gjeld dette for hushaldninger som har en samlet inntekt som er lågare enn staten sine satsar per år. 

FRIST FOR Å SØKJE:

FOR NYE SØKARE:

Frist for å søkje gratis kjernetid er 15.mai kvart år. Søknad som kjem etter fristen vil vere gjeldande frå påfølgande fakturamåned.

FOR DEI SOM HAR BARN SOM ALLEREIE GÅR I BARNEHAGE:

Søknad om gratis kjernetid må leverast årlig og senast innan 15.mai.

SØK OM GRATIS KJERNETID PÅ GRUNN AV LAV INNTEKT

Det er kommunen som har ansvar for desse ordningane, men det omfattar både kommunale og ikkje-kommunale barnehager. 

Dei som kan få redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage må benytte skjema: Søknad om redusert foreldrebetaling

Det skal sendast eit skjema for kvart barn.

REDUKSJON AV FORELDREBETALING UT FRÅ INNTEKT

Ein nasjonal ordning for reduksjon av foreldrebetalinga ble innført fra 1. mai 2015. Den gjeng ut på at ingen hushaldningar skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Matpengar til barnehagen kjem i tillegg til foreldrebetalinga.

Du får ikkje automatisk lågare pris frå barnehagen dersom du har låg inntekt. Du må sjølv søkje om å få redusert foreldrebetalinga. Det må søkjast kvart år.

Barn som har rett på reduksjon i foreldrebetalinga kan også ha rett til gratis kjernetid i barnehagen. Ved beregning av foreldrebetaling for en heiltidsplass, skal det fyrst beregnast etter ordninga med redusert foreldrebetaling, deretter skal det trekkast frå verdien av dei 20 gratistimane.

Det er kommunen som har ansvar for desse ordningane, men endringane i forskriften omfattar både dei kommunale og ikkje-kommunale barnehagene. Søknaden gjeld for eit barnehageår om gongen.

FOR NYE SØKJARE

Frist for å søkje redusert foreldrebetaling er 15.mai. Søknad som kjem etter fristen vil vere gjeldende frå påfølgende fakturamåned.

FOR DEI SOM HAR BARN SOM ALLEREIE GJENG I BARNEHAGE

For dei som allereie gjeng i barnehage: Søknad om redusert foreldrebetaling må leverast årlig og senast innan 15.mai.

KRAV TIL SØKJAR

  • Hushaldningar med en samlet årsinntekt som er lågare enn staten sine satsar skal betale maks seks prosent av inntekta.

KVA SLAGS INNTEKT ER MED I BEREGNINGEN?

Foreldrebetalinga i barnehage skal beregnast ut frå hushaldninga is samls skattepliktige kapital- og personinntekt. Dette gjeld både for ordningen med reduksjon i foreldrebetalinga og den nasjonale ordningen med gratis kjernetid som blei innført august 2015.

  • Som ein hushaldning regnast ektefeller, registrerte partnare og sambuarar.
  • Som sambuarar regnast to ugifte personer over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapslignsnde forhald i minst 12 av de siste 18 månedane, eller har felles barn.
  • Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga beregnast ut frå inntekta i hushaldninga der barnet er folkeregistrert.

SLIK SØKJER DU

  • Du kan nytte vårt søknadskjema: Søknad om redusert foreldrebetaling
  • Du skal sende eit skjema for kvart barn.
  • Foresettes skattemelding(er) skal leggast ved søknaden som dokumentasjon. Skattemeldingen vil normalt innehalde dei fleste skattepliktige kapital- og personinntekter.
  • Dersom nokre ikkje er registrert på skattemeldinga av skattepliktig person- eller kapitalinntekt, er søkjer pliktig å opplyse om det ved søknad. Som hovudregel skal søknaden vare for eit barnehageår av gongen.