Sjølvtest

  1. Meld inn positiv sjølvtest til kommunen
    Skal du melde inn positiv test for nokon andre og har ikkje fødselsnummer? Du kan melde positiv hurtigtest per telefon til helsestasjonen på tlf. 38 28 59 00 (måndag til fredag mellom kl. 09:00 - kl.15:00) 
  2. Varsle dine nærkontaktar
  3. Gå i isolasjon. Isolasjonstida er 4 døgn frå symptoma starta, eller 4 døgn frå testdato om du ikkje har eller får symptom. Isolasjonen skal ikkje avbrytast før du har vore feberfri i minst 24 timar utan å bruke febernedsettande legemiddel
  4. Du treng ikkje lenger bestille PCR-test for stadfesting dersom du har fått tredje vaksinedose (oppfriskingsdose/"boosterdose") eller har mottatt to dosar koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadene
    Dersom ikkje bør du ta ein PCR test slik at resultatet vil bli rapportert til MSIS-laboratoriedatabasen, inngå i overvakinga og vist i koronasertifikatet ditt. Bestill PCR test på helsestasjonen på tlf. 38 28 59 00
  5. Du skal ikkje teste deg ut av isolasjon
  6. Det er anbefalt å registrere positiv test i appen Smittestopp
     

Hurtigtest eller PCR-test – på teststasjon

  1. Du treng ikkje melde inn positiv PCR test til kommunen. Svaret ditt kjem på HelseNorge. Har du ikkje tilgang til svaret ditt, kan du ringe 38 28 59 00 (måndag til fredag mellom kl. 09.00 - kl.15.00)
  2. Varsle dine nærkontaktar
  3. Gå i isolasjon. Isolasjonstida er 4 døgn frå symptoma starta, eller 4 døgn frå testdato om du ikkje har eller får symptom. Isolasjonen skal ikkje avbrytast før du har vore feberfri i minst 24 timar utan å bruke febernedsettande legemiddel
  4. Du skal ikkje teste deg ut av isolasjon
  5. Det er anbefalt å registrere positiv test i appen Smittestopp

Nærkontakter – kva gjeld her?

  1. Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære er anbefalt å teste seg dagleg i fem døgn etter siste nærkontakt med den smitta
  2. Personar som ikkje kan unngå nærkontakt med den smitta i isolasjonsperioden, bør også teste seg dagleg under isolasjonsperioden, og deretter dagleg i fem døgn etter at isolasjonen er avslutta, til saman ni dagar
  3. Testen bør takast som sjølvtest, men kan og takast som antigen hurtigtest eller PCR-test gjennomført av helsepersonell.
  4. Utover dette blir det anbefalt at berre personar med symptom å teste seg. Andre nærkontaktar utan symptom treng ikkje å teste seg, men bør vere ekstra merksame på symptom

Skisse testing.JPG