Står du i manntalet?

Har du meldt flytting frå ein kommune til ein annan innan 30. juni 2023, står du i manntalet i kommunen du flytter til.
Har du meldt flytting etter 30. juni 2023 er du manntalsført i kommunen du flytter frå.
Skjæringsdato er 30. juni og mottaksdato for flyttemeldinga er avgjerande.

Manntalet blir lagt ut til offentleg gjennomsyn på Åseral rådhus så fort det er klart frå folkeregisteret etter skjæringsdato (medio juli).

Har du merknader/klage på oppføring i manntalet, må du vende deg skriftleg til:
Valutvalet i Åseral, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL eventuelt post@aseral.kommune.no

Klagefrist: 15.08.2023.

Valkort

Valkortet vert sendt ut til din digitale postkasse. Dersom du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller ikkje har nytta deg av ID-porten på 18 månadar, vil du motta valkortet på papir i posten.
Du treng ikkje valkort for å røyste i heimkommunen. Valkort er ikkje legitimasjon.

Valkortet er ein stadfesting på at du har stemmerett og du tek kortet med deg om du røyster på førehand i andre kommunar.

Tidlegstemming (3. juli – 09. august):

Om det ikkje er mogleg for deg å stemme på førehand i ordinær periode eller på valdagen kan du frå 3. juli tidlegstemme.

Kontakt Åseral kommune, tlf. 38 28 58 00, for å avtale tidspunkt.

Hugs legitimasjon.

Førehandsstemming (10. august – 8. september)

Åseral rådhus, Gardsvegen 68, 4540  ÅSERAL

Opningstid:
Måndag                  kl. 07:30 – 15:00
Tysdag                    kl. 07:30 – 15:00
Onsdag                   kl. 07:30 – 15:00
Torsdag                   kl. 07:30 – 17:00
Fredag                    kl. 07:30 – 15:00

Laurdag 26.08.       kl. 12:00 – 17:00
Laurdag 02.09.       kl. 12:00 – 17:00

Hugs legitimasjon.

Stemme heime?

Om du er sjuk og det er vanskeleg for deg å koma til vallokalet, kan du stemme heime. Siste frist for å stemme heime er torsdag før valdagen, 7. september.

Kontakt Åseral kommune, tlf. 38 28 58 00, for å avtale tidspunkt.

 

Valdagen (11. september):

Det er eitt vallokale valdagen:
Åseral rådhus, Gardsvegen 68, 4540  ÅSERAL

Opningstid:
Kl. 11:00 – 19:00

Hugs legitimasjon.

Kven kan stemme?

Ved stortingsval har fylgjande personar stemmerett (valglovens § 2-1):

Norske statsborgarar som:

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • ikkje har mista stemmeretten etter Grunnloven § 53 og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregistrert som busett i Noreg.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet

Ved kommunestyre- og fylkestingsval har fylgjande personar stemmerett (valglovens § 2-2):

  • Alle som har stemmerett til stortingsval
  • Statsborgarar i andre nordiske land (Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registert busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Øvrige utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen

Når det gjeld butid for utanlandske statsborgarar er det eit krav at denne er registert samanhengande dei tre sista åra.