Koronatest.JPG

Landet har no gått over til ein normal kvardag med auka beredskap, men det er framleis viktig at man testar seg dersom man får symptom på luftvegsinfeksjon. Dette gjeld og for vaksinerte.

Regjeringa har vedteke at det offentlege skal få tilbod om gratis testing for covid-19 så lenge sjukdommen er definert som ein allmennfagleg smittsam sjukdom. Det er ønskeleg at befolkninga har ein låg terskel for å teste seg, slik at eventuell smitte blir fanga opp tidleg. 

Gratis sjølvtester skal prioriterast til:

  • personar med symptom 
  • uvaksinerte nærkontaktar
  • uvaksinerte born og unge ved målretta jamnleg testing (i utbrotsituasjonar)

Kven kan få ein sjølvtest?
Personar som er busett i, eller oppheld seg i Åseral kommune, og oppfyller kriteria, kan hente ut sjølvtest på Servicekontoret når dei er bestilt på førehand.
- Måndag til fredag kan bestilt test hentast mellom kl. 09:00 og 14:00.

Slik bestiller du:
Bestill ved å ringe Servicekontoret på telefon 38 28 58 00.

Korleis ta ein sjølvtest? 

Veileining for å teste seg sjølv for koronavirus

Her kan du sjå film om korleis ein tek ein sjølvtest