Slik søker du om plass
For å få plass må du søke om helse- og omsorgstenester.
Søknad om helse og omsorgstenester.pdf
Kven kan søke?
- Du må ha varig sjukdom, skade, lidelse eller nedsatt funksjonsevne, og omfattande behov for helse- og omsorgstenester gjennom heile døgnet, som ikkje kan ivaretakast av heimetenesta/heimesjukepleien.
- Du handler på en måte som er til fare for deg sjølv eller andre.
- Du må ha sjukdom, skade, lidelse eller nedsatt funksjonsevne, kor det kreves omfattende medisinsk oppfølging.
Andre hjelpetiltak skal vera utprøvd og/eller vurdert, for eksempel:
- hjelp fra familie, nettverk eller andre friviljuge tiltak
- tryggleiksskapande tiltak som tryggleiksalarm eller andre velferdsteknologiske løysingar
- sosiale støttetiltak som dagsenter
- tilpasning av bustad eller alternativt butilbod
- oppstart av eller auka helse- og omsorgstenester i heimen
- korttids- eller rulleringsopphald i institusjon.
Ektefeller
Dersom ektefeller fyller overnemnte vilkår, skal kommunen tilby dei å bu saman dersom det er muleg og dei ønsker det sjølv.
Type langtidsopphald
Skjerma langtidsopphald
tildeles normalt pasienter med kognitiv svikt, for eksempel demenssjukdom, som har behov for skjerming og tettere oppfølging av ansatte med kompetanse innan demens.
Forsterka langtidsopphald
tildeles normalt pasienter med psykiske, fysiske eller anna alvorleg sjukdom som har behov for auka kompetanse og forsterka tiltak for å forebygge skade.
Kva koster det?
Prisen for en langtidsplass bereknas ut frå din grunnpensjon frå Folketrygda og di inntekt etter skatt.
Grunnpensjonen reduseres som regel med 75%. Andre inntekter som tilleggspensjon, trygdeytelser, utanlandske pensjoner, leigeinntekter og avkastning på formue reduseres med 85%.
Sjå prisliste i bunnen av sida
Tildelingskriterier
- Søkar må opphalda seg i kommunen
- Søkar må ha rett på tenesta etter nemnte lov
- Tenesta tildeles som hovedregel etter skriftleg søknad signert av søker sjølv, eller av den vedkomande bemyndigar ved skriftleg fullmakt
- Søkar må ha ein funksjonsreduksjon som medfører eit bistandsbehov som ikkje kan ivaretakast av søker sjølv
- Søkar må sjølv ønskja tenesta
- Legeattest etterspørjast når det er naudsynt
- Langtidsopphold i institusjon gis når heimetenesta/heimesjukepleie i heimen ikkje er tilstrekkeleg eller forsvarleg
- Helse- og omsorgstenester i heimen skal vera vurdert eller utprøvd.
Lover og forskrifter
- Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-3 (Helsefremmende og forebyggende arbeid)
- Forskrift til lov om sosiale tjenester kap. 8 (Vederlag for sosiale tjenester og for opphold i institusjon mv.)
- Lov om pasient- og brukerrettigheter kap. 7 (Klage)