Åseral kommune har blitt oppfordra til å etablere eit møtepunkt mellom kommune, lag og foreiningar – og det vil vi gjerne få til! Vi legg opp til å informere om ulike tema, presentere frivillige ulike lag og foreiningar og elles berre ha det litt triveleg i lag. Dette er på plakaten om denne gongen:

  • Frivilligheitserklæring – arbeid så langt med denne og plan for vidare arbeid  v/ Kristina Naglestad og Randi Byremo
  • Etablering av BUA (Barn - Unge – Aktivitet) – ordning med gratis utlån av utstyr
  • Presentasjon av lag og aktivitetar:

Sogelaget v/ leiar Tonje Kallhovd

Trimtramjenton v/ Kristina

Enkel servering med kaffi og noko attåt.