Prosjektet har fått namnet Elgkalven Trampe og har som mål å få gjort grundige undersøkingar av elgkalvar som blir funne alvorleg sjuke og avliva eller blir funne nyleg døde.

Viss du kjem over ein død elgkalv, ber me deg kontakta den lokale viltforvaltninga via politiet på telefonnummer 02800. Den lokale viltforvaltninga kan då vurdera om Trampe-kontaktane skal involverast.

Det siste tiåret har mange varsla om at talet på elgkalvar søkk og at dei elgkalvane som er att er små og i dårleg kondisjon. Sommaren 2023 vart det funne sjuke eller døydde elgkalvar i mange område - ikkje minst her på Agder. 

Ein har trudd at det kan komma av overbeite og klimaendringar. I fjor vart 32 kalvar undersøkte spesielt. Dei hadde ein ting felles. Dei var alle smitta av flåttborne bakteriar. Ein treng å forska og undersøkja meir, slik at me kan finna ordentleg ut kva som skjer med elgbestanden.

Prosjektet Elgkalven Trampe er eit samarbeid mellom Veterinærinstituttet, Noregs jeger- og fiskarforbund og ei rekkje fylkeskommunar og kommunar. Det er etablert eit nettverk av feltkontaktar i dei ulike fylka, også på Agder.

Når desse blir kontakta om observerte elgkalvar, har dei høve til å dra ut og undersøkja dyret. Om det er fornuftig, vil dei køyra elgkalv-kadaveret inn til Veterinærinstituttet til obduksjon og prøvetaking. Dei har også høve til å sjølv gjera undersøkingar og ta ut prøver.

Forhåpentleg vil prosjektet bidra til å finna svar på dei mange spørsmåla fagfolk og andre akkurat no har om elgkalvane og helsa deira.

 

Meir informasjon:

  • Prosjektnettsidene til Elgkalven Trampe.
  • Bakgrunnstal og vurderingar av bestandsutviklinga: Oppsummeringsrapporten frå overvakingsprogrammet for hjortevilt for 1991-2021 (Solberg mfl. 2022)
  • Sjukdommar hos hjortevilt: Helseovervakingsprogrammet for vilt (Vilt-HOP)
  • Statistikk om elg: Hjorteviltregisteret