Åseral kommune starta sin eige kulturskulen hausten 2021. Det er søknadsfrist for haustsemesteret 1. juli. og for vårsemester 1. november kvart år. 
Dersom du alt er elev og skal halde fram treng du ikkje søke på nytt, men om du ynskjer å sei opp plassen din må det gjerast innan søknadsfristen.
Vi har enkeltundervisning og gruppeundervisning i forskjellige disiplinar. Det er ingen øvre aldersgrense for å bli med i kulturskulen.

Når det gjeld gruppeundervisning så vil dette krevje ei viss deltaking før dette blir sett i gang. Nærare opplysningar og bindande påmelding for desse vil me difor kome attende til.

Nytt av året er dans som vil vere gruppeundervisning med Tatiana Solovyova som lærar. Det blir forskjellige sjanere som moderne, pop og arabisk. 

Frå hausen 2023 vil vi ha eit prøveprosjekt med samspel/band ein dag i veka i musikkrommet. Dette blir i fyrste omgong gratis, og er både for elevar i kulturskulen og andre som har lyst til å spele saman. Vi håpar dette blir ein arena der vi kan lære av kvarandre og teste ut forskjellige stilartar over tid. Her er det ope for alle instrument!

Disiplin

Type

Undervisningsstad

Gitar

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd

Panfløyte

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd

Tverrfløyte

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd

Piano

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd/Skulen

Trommer

Enkeltundervisning

Kyrkjebygd/Skulen

Visuell kunst 

Gruppeundervisning

Kyrkjebygd/Minne

Dans (sjangre som moderne, pop, arabisk)

Gruppeundervisning

Kyrkjebygd/Skulen

I tillegg vil det vere mogleg å delta på arrangement ved Musikkverkstedet Byremo. Desse finn du her: https://www.facebook.com/musikkverkstedet

SØKNAD:
Søknadsfrist om plass for hausten 2023 er 1. juli. Søknadsfrist vårsemester 1. november. Dersom du alt er elev og skal halde fram treng du ikkje søke på nytt.

KONTINGENT 2023: (Vedtak kommunestyret kvart år)

Type undervisning

Pris per semester

Pris per år

Soloundervisning

1600,-

3200,-

Gruppeundervisning

800,-

1600,-

Materiellkostnader kunst

500,-

1000,-

50% søskenmoderasjon i foreldrebetalinga for den yngste eleven frå og med søsken nr.3.