Under eining for kultur ligg folkebibliotek, Minne kultursenter, ungdomsklubb, kulturskule og kulturkonsulent. 

Kulturtilbodet i Åseral er godt og variert. Det er jamn aktivitet med blant anna bygdekino, bibliotek, konsertar, utstillingar, kulturmønstring og meir. I tillegg er det mykje aktivitet i regi av lag og foreningar. 

Minne kultursenter blei opna i 2010. Her finn du filmdokumentarar og utstillingar om Åserals kulturarv og lokalhistorie. Lokalet er hyppig nytta til aktivitetar i regi av både kommunen, lag og foreiningar, bedrifter og privatpersonar. 

Åseral folkebibliotek er og lokalisert på Minne. I tillegg til bøker, kan du låne magasin og tidsskrift. Vi har dagsferske aviser og du kan sjå gamle avisutklypp. Viss me ikkje har dei bøkene du måtte ynskje å låne, kan du låne dei inn frå andre bibliotek via fjernlån. Biblioteket har PC med internett til disposisjon. På skulen er det eit eige skulebibliotek.

 

Tilsette i kultur

FagområdeNamnE-postTelefon
Minne kultursenterTor Reidar Austrudtor.reidar.austrud@aseral.kommune.no928 44 735
BibliotekTove Larsentove.larsen@aseral.kommune.no992 50 393
Ungdomsklubben, kulturvertVibeke Sandåkervibeke.sandaker@aseral.kommune.no472 68 730
KulturvertNina Dyveke Tollefsennina.tollefsen@aseral.kommune.no416 66 634
ÅsdølenTonje Kallhovdtonje.kallhovd@aseral.kommune.no977 19 341