"Kommunestyret løyver 2000,- til kvar innbyggjar etter søknad på grunn av høge straumprisar. Kommunen har fått utbetalt 3,8 mill. ekstra frå konsesjonskraft IKS i 2021, og ønskjer at noko av dette skal gå direkte til innbyggjarane. Sidan desse inntektene allereie er vedteke brukt for å redusere bruken av disposisjonsfond i 2021 vert dette forslaget finansiert ved bruk av disposisjonsfond (256 080 001)."

I samband med dette arbeider no administrasjonen med å lage eit registreringsskjema og eit informasjonsskriv som etter planen skal sendast ut til alle husstander i kommunen i løpet av denne veka. Fristen for å sende inn registreringsskjema er sett til 31. desember 2021 og utbetalingane vil skje i løpet av januar 2022.