Alle søkjarar må vera folkeregistrert og ha heimebustad i Åseral. Halve summen kan utbetalast etter kvart semester. Skulen/lærestad må då attestera at 1. halvår av skule/læreår er fullført. Enten kopi av vitnemål, eller eit eige skriv som stadfestar dette. Husk stempel.

Bortebuarar må i tillegg til søknaden legge ved dokumenterte leigeutgifter, f.eks. husleigekontrakt eller kvittering for betalt husleige.

Ved skule/læreårets slutt er det søkjar sjølv som er ansvarleg for å levere dokumentasjon på fullført skulegang/læretid. Då blir siste halvår utbetalt.

Søknadsskjema og reglar finn du her

For ytterlegare informasjon – kontakt servicekontoret, tlf. 482 19633