Når kommunen handsamar opplysningar om deg, har du alltid rett til innsyn i eigne personopplysningar. Det betyr at du har rett til å vite kva data som vert handsama, kva opplysningane skal brukast til, og kor lenge opplysningane skal lagrast.

I utgangspunktet skal vi på eige initiativ rette mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Viss du sjølv oppdagar at noko er feil, ønskjer vi at du tar kontakt med oss, slik at vi så raskt som mogleg kan rette opp og korrigere informasjonen.

Vi slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for det formålet dei blei samla inn til. Meiner du at kommunen registrerer informasjon om deg som ikkje er nødvendig, kan du be om at den informasjonen blir sletta. Det gjeld ikkje viss opplysningane skal oppbevarast i medhald av annen lovgjeving, til dømes arkivloven.

Å nytte seg av innsynsretten sin skal vere gratis. Dersom du ber om meir enn ein kopi, kan kommunen likevel ta eit rimeleg administrasjonsgebyr. Dersom det har gått noko tid sidan sist du bad om kopi, og det er grunn til å gå ut frå at kommunen nå handsamar fleire eller andre personopplysningar enn sist, kan du be om ein ny, gratis kopi.

Ved krav om innsyn som er klart grunnlause eller overdrivne, kan kommunen nekte å gi innsyn eller krevje eit rimeleg administrasjonsgebyr. I desse tilfella er det kommunen som må vise kvifor kravet er grunnlaust eller overdrive. Hovudregelen er framleis at du har rett til innsyn utan grunngjeving.

Lenke til Offenleglova

Korleis be om innsyn

Når du ber om innsyn krev vi at du legitimerer deg for å sikre at vi ikkje utleverer opplysningane dine til uvedkomande.

Du kan be om innsyn på følgjande måte:

  • Digitalt skjema. Du identifiserer deg ved å logge deg inn med elektronisk ID. 
  • Send oss eit brev, og legg ved kopi av legitimasjon.  

I din henvendelse må du opplyse om

  • Kven innsynet gjeld: Innsyn i personopplysningar om deg sjølv, eige barn under 15 år, eller på vegne av ein annan person.
  • Fullmakt dersom du ber om innsyn på vegne av ein annan person.
  • På kva område du ønskjer innsyn, til dømes opplysningar som gjeld barnehage, skule, helse eller andre tenester i kommunen.
  • Dersom du ønskjer kopi av opplysningane, må du seie kva tidsrom innsynet gjeld. 
  • Dine kontaktdetaljar. 

Handsamingstid

Kommunen skal handsame krav om innsyn i personopplysningar så raskt som mogeleg. Det betyr vanlegvis innan 30 dagar. Handsamingstida kan forlengast med ytterlegare 60 dagar ved behov. Ved forseinking vil du bli informert.  

Viss kravet om innsyn blir avslått skal vi vise til rett heimel for avslaget, og opplyse om klagerett og klagefrist.

Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Klagen skal avgjerast så fort som mogleg. I tilknyting til klagehandsaminga kan Statsforvaltaren også fastsetje at dokumentet skal gjerast kjend, heilt eller delvis, etter regelen om meirinnsyn.