Vi gjer merksam på at innmelding av bustad ikkje er forpliktande på nokon måte. Kommunen vil gjere ei fortløpande vurdering etter kvart som det blir klart kor mange flyktningar som kjem og når dei kjem til kommunen.
Har du ledige husvære til Ukrainske flyktningar?
Åseral kommune ynskjer å skaffe ei oversikt over tilgjengelege husvære i kommunen i samband med at Integrerings- og Mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppmoda Åseral kommune om å ta i mot flyktningar frå Ukraina. Alle som har slikt husvære blir bedt om å melde dette inn via vedlagte skjema. Det er eit krav at bustaden har innlagt straum, vatn og avlaup.