Det omsøkte tiltaket kan ikkje takast i bruk før det er gjeve ferdigattest eller mellombels brukstillating/bruksløyve. Ferdigattest vert ofte etterspurt av meklar ved sal, og er ofte et viktig dokument ovanfor forsikringsselskap og bank ved lån og forsikring. Ferdigattest er med andre ord noko ein må ha i orden. Kommunen ynskjer derfor å minne deg på å søke om ferdigattest dersom du ikkje har gjort det.

Det er ingen gebyr på søknad om ferdigattest.  

Kva er eigentleg ein ferdigattest?
Ferdigattest er eit dokument frå bygningsmyndigheitene om at byggearbeidet er ferdig. Attesten vert gjeve på grunnlag av dokumentasjon frå ansvarleg for byggeprosjektet om at byggverket er prosjektert og utført i samsvar med lov, forskrift og vedtaket.

Søknaden
Søknad om ferdigattest kan ein sende inn digitalt eller på papir. Søknadsskjema finn du her
Ferdig utfylt skjema kan sendast på epost til post@aseral.kommune.no, pr. post (til Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral) eller leverast på rådhuset. 

Treng du hjelp eller lurer på noko med slike søknader kan du spør ein sakshandsamar i kommunen. 
 

Tiltak unnateke frå søknadplikt:
Nokre tiltak er unnateke søknadsplikt, då treng ein ikkje søke om ferdigattest. I mange tilfelle skal desse likevel meldast inn til kommunen. Du kan lese meir om dette her