Korleis leige ein el-sykkel?

Du må laste ned Sharebike-appen for å bruke desse. Skann QR-kode på baklåsen av sykkelen eller på infoplakaten. Registrer deg med brukar og les info i appen før du startar sykkelturen.

Kvar sykkel har ein baklås som du kan bruke for låse sykkelen midlertidig i leigeperioden. Den skal låsast mekanisk, men opnast att ved å skanne låsen med appen. Det er viktig å vere oppmerksam på ein ikkje avsluttar leiga berre ved å låse sykkelen. Du må syte for å parkere sykkelen i ein ladestasjon, låse sykkelen mekanisk og trykke «avslutt leige» i appen. Oversikt over ladestasjonar i Setesdalsregionen finn du i appen. I Åseral finn du sykkelstasjonar på Ljosland Fjellstove, Eikerapen Gjestegard, ved servicebygget i Bortelid sentrum og ved rådhuset i Kyrkjebygd. Du kan sykle til og frå same stasjon - eller til dømes plukke opp ein sykkel på Evje, sykle til ein av stasjonane i Åseral og avslutte leiga der.

NB! Dersom du er eit område utan mobildekning er det mogleg å låse sykkelen mekanisk, men det er ikkje mogleg å låse den opp att (fordi denne låsast opp via appen).

For innbyggjarar i Setesdalsregionen er det gratis å leige sykkel dei to fyrste timane. Deretter kostar det kr. 30 pr. time. Makspris pr. dag er kr. 150. Du må betale eit depositum på kr. 200 for kvar tur, men dette får du tilbakebetalt etter endt tur.

Åseral kommune har også 2 syklar som kan lånast over ein litt lengre periode for dei som har lyst til å teste ut bruk av el-sykkel ei veke eller to.

Ta kontakt med Randi Byremo på tlf. 958 45 100 eller e-post randi.byremo@aseral.kommune.no dersom du vil tinge ein av desse, eller om du har spørsmål om bruk av el-syklane.

God sykkeltur!

QR kode for sykkel

Informasjon om bruk av syklane