Meir informasjon kan ein finne på nettsida til Landbruksdirektoratet og nettsida til Norges Bondelag
Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord kan ein finne på nettsida til Lovdata

Ekstramidlane til grøfting frå fylket skal vere enkle å søke på. Du søkjer først om ordinært statleg tilskot til grøfting/drenering til kommunen din. Når kommunen har godkjent søknaden, vert det sendt ein kopi av tilsegnsbrevet frå kommunen til Agder fylkeskommune, postmottak@agderfk.no, som vurderer tilsegn om ekstraordinært tilskot og sender tilsegnsbrev. Når arbeidet er gjennomført, blir det sendt kopi av vedtak om utbetaling frå kommunen, og det blir gjennomført utbetaling av ekstratilskot frå fylkeskommunen på bakgrunn av dette. Tilskot vil gjelde søknader sendt frå 1. januar i år. 

Søknadsfristen er 1. april. 

Tiltak ein får støtte til må vere gjennomført i løpet av 2026.

Åseral kommune sitt tilskot er på 2000 kr. per dekar. Det betyr at med full utteljing kan ein få inntil 8000 kr. per dekar.

Landbruksrådgivar i kommunen (som administrerer det ordinære dreneringstilskotet), evt. Norsk Landbruksrådgivning (NLR – grøfteplanar), eller Agder fylkeskommune (ekstratilskot) kan svara på spørsmål.