Dette gjer Åseral kommune under Eigenberedskapsveka 2023 
På rådhuset vil det denne veke vere utstilt diverse eksempel på utstyr som kan hjelpe deg med å førebu deg sjølv. Her vil du kunne få informasjonsmateriell samt at kvar husstand i kommunen kan hente ut ein vatnpose som dei kan ha i beredskap (frå måndag 30. oktober til fredag 5. november). 
 

Du er ein del av beredskapen i Noreg 
Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest.

Det vil seie at mange innbyggjarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/Internett er nede – eller det blir vanskeleg å kome seg ut for å handle.

Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.
 

Heile Noreg øver
Øving gjer meister. Det gjeld også for krisehandtering.

Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtere det. Øving skaper medvit og gir kunnskap og trening. Det gjer at vi står betre rusta til å kome oss gjennom små og store kriser.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i landet å styrkje eigenberedskapen sin. Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.

 

Test ut om DU er godt nok førebudd: https://forberedt.sikkerhverdag.no/