Bilete av Rollup til Av-og-tilI 2022 blei det oppretta ei gruppe i Åseral der me har samarbeid om rusførebygging, med særleg fokus på promillekøyring. Samarbeid er gull!

Både administrasjon, politisk og frivilligheten er med 😊 Administrasjon her representert med Siv Sveindal (psykisk helse/rus), Laila Ljosland (leiar helse), Gro Berit Straum (ruskoordinator Setesdalregionen) og Av-og-Til (alkovettoranisasjon). Bjørn Ivar Birkeland frå Nullvisjonen. Politisk representert med ordførar Inger Lise Stulien og Kari Røynlid (Sp).

Åseral Frivilligsentral og Åseral Snøscooterklubb med samarbeidsprosjektet «Bruk håve» og med Kristina Handeland og Tore Forgard på post.

 Det blei ein fin ettermiddag der me fekk kjase med både kjente og ukjente, og oppmuntre folk til å «bruke håve» - ikkje gidd å ta dumme valg! Kanskje ekstra aktuelt nå rett før påske…

Sjekk også ut rykande ferske solbriller med hashtags på 😊

 #brukhåve#drikkeogkøyre#ikkje gidd!!#

 

God påske!