Åseral kommune er ein typisk hyttekommune, med få fastbuande og mange deltidsinnbyggjarar, der Bortelid er ein viktig reiselivsdestinasjon. I kommunedelplan for Bortelid ligg det inne nye utbyggingsområde, samt mange område med potensiale for fortetting.

Det er vanskeleg å vite korleis ein i praksis får til ei meir berekraftig utbygging. Kva løysingar fins der ute? Og korleis kan ein eigentleg kombinere høg standard og berekraft? Må vi tenke heilt nytt?
Kan vi få til ei usynleg utbygging, i uttrykk og avtrykk, med mest mogleg inngrepsfrie løysingar?

Les meir om GNIST her https://doga.no/gnist