Føremålet med kulturprisen er å heidra personar eller organisasjonar som har utmerkt seg med stor innsats i det lokale idretts- og kulturlivet, eller som har utmerkt seg kvalitetsmessig som utøvar og dermed er ein viktig ambassadør for Åseral kommune.
Årets kulturprisvinnar er ein sentral del av mykje av det kulturelle som skjer i bygda.
Prisvinnaren er sjølv ein dyktig musikar og kunstnar.
Ho er engasjert i frivillig arbeid og bidreg i «Åseral bitte lille musikkorps», kor, musikkgruppe, og er sjølve inspiratoren og motoren i teatergruppa «Alltid drama med oss.»
Ho har vore lærar i tidlegare interkommunale kulturskulesamarbeid. I vår eigen kulturskule som starta opp i 2021, har prisvinnaren heile tida spela ei sentral rolle – ja, vi kan nesten seia at prisvinnaren er kulturskulen.
Ho har undervist i mange sjangrar opp i gjennom, som panfløyte, tverrfløyte, gitar, drama og kunst. Arbeidet hennar har ført til at kunstgruppa har vakse frå 12 elevar i 2021 til opp mot 40 elevar på det meste – noko som er imponerande i ei lita bygd som vår.
Kulturskulen har konsertar og utstillingar både på Minne og digitalt på sosiale medium.
Då vi fekk besøk av kongeparet, var Slottsutstillinga til kunstelevane ei særs passande utstilling å visa fram. Dronninga var mektig imponert.
Prisvinnaren er sterkt involvert i organiseringa av UKM i Åseral, og fleire av elevane hennar har gått vidare til fylkes- og landsfestival.
Men aller viktigast er dei personlege eigenskapane: Prisvinnaren er ein dedikert og hjartevarm kulturskulelærar som gir alt for elevane sine. Ho sørgjer for at alle barn kjenner seg sett og verdifulle, og tilpassar undervisninga slik at ho passar best mogleg for kvar enkelt. Ho er kreativ, motiverande og inkluderande, og utruleg flink til å læra bort teknikkar på ein alderstilpassa måte. Engasjementet og dyktigheita hennar har ført til at Åseral kulturskule blomstrar. Melanie er ikkje berre fagleg sterk, men òg svært omsorgsfull og gjer alt for at elevane skal trivast.
Åseral kommune sin kulturpris 2025 vert tildelt Melanie Fiedler for hennar engasjement i å fremja kunst og kultur blant barn og ungdom i Åseral.
Gjennom hennar kreativitet, evne til å motivera og inkludera, samt varme og omsorg, har ho skapt eit blomstrande miljø for skaparglede og læring.