Frå mai månad og ut året blir det like beløp kvar månad. For nye abonnentar i 2022, er det rekna 20 m3 i forskot kvar månad i tillegg til «dei faste utgiftane».

Neste utsending av sms for avlesing av vassmålar, vil bli til hausen 2022. Dei som kun har feie/kontrollavgift,  vert faktura sendt ut i april for heile året.

Dersom du ønsker å gå tilbake til 2 terminar, kan du gå inn på heimesida – Min side – Min eigedom og velge sjølv , eller kontakte kommunen, tlf. 38 28 58 00. Det er ein fordel å gjera dette før 1. april eller før 1. september som er forfall for 2. terminer. Dette for å unngå ein stor faktura.