Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Redusert legekapasitet på Åseral legekontor

Grunna kurs og ferieavvikling vil det vere redusert legekapasitet på Åseral legekontor i perioden 30. september til og med 24. oktober. 

Åseral kommune logo

Har du nye innspel til anlegg/tiltak som skal finansierast ved hjelp av spelemiddelordninga?

Dersom ditt lag eller foreining har moglegheit til å søke spelemidlar til etablering av nye idretts- og aktivitetsanlegg, må tiltaket spelast inn som eit tiltak i Temaplan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. 

Innspel må sendast skriftleg til Åseral kommune innan torsdag 10. oktober til post@aseral.kommune.no eller Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral.

Bilde av jente på topptur

Vil du bli med traffikalt grunnkurs og mørkekøyring i Åseral?

Det er planer om å arrangere traffikalt grunnkurs og mørkekøyring  i Åseral med oppstart omkring 25. oktober. Eit kurs på 4-5 kvelder kor du slepp å reise ut av kommunen. Ta kontakt med Mona på telefon 918 35 607 innan 8. september for å melde din interesse.

KI generert bilete av ein bil som køyre i mørket

Åseral har fått ein ny innbyggarapp.

Kommunane Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal, Lindesnes og Åseral har gått saman om ein innbyggar-app, «Innbygger iSør». Denne er no tilgjengeleg for nedlasting i App Store og Google Play. Gjennom appen vil du enkelt kunne få med deg nyheiter og oppdateringar frå kommunen. 

Bilete av korleis framsida på innbyggarappen ser ut

Velkommen til ALLEMED-dugnad i Åseral

Er du oppteken av at alle barn og unge skal kunna delta i fritidsaktivitetar? Ser du at mange blir stoppa av barrierar som økonomi, transport, språk/kultur eller andre ting og vil gjera noko med det?

Bli med på ALLEMED-dugnad i Åseral kommune onsdag 11. september! 

Illustrasjonsfoto

Kommunal brøyting vintersesongen 2024/2025 - Søknadsskjema

Den som kan søkja jf. gjeldande reglement er: Alle hus med fast busetjing som stettar krava i pkt. 3.2 og kvar bueining langs vegen som blir brøytt.

Reglar for brøyting av private vegar er å finne på Åseral kommune si heimeside, under tilskotsordningar. Betaling er etter dei til ei kvar tid gjeldande satsar oppgitt i prisliste for kommunen. Søknadsfrist: 30.09.2024.

Søknadsskjema finn du her!

KI generert bilde av ein traktor som brøyter vegen

Bekjemp planta landøyda

Landøyda får stadig aukande utbreiing i Agder, og er i år observert innover i landet til mellom anna Åseral og Evje. Det er ei fleirårig plante som spreier seg med frø. Heile planta er giftig og kan føre til kronisk leverskade på dyr som får den i seg. Landøyda er spesielt farleg for storfe og hest.

Bilde av planta landøyda