Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Influensavaksine for risikogruppene

Drop in på legekontoret  for influensavaksinering tysdag 18. oktober kl. 9 - 11.30, onsdag 19. oktober kl. 9 - 14.30 og onsdag 26. oktober kl. 9 - 14.30.

Vaksinering på Open dag, Åseralsheimen tysdag 25. oktober. 

Vaksina kostar kr. 100,-.

Anne Siv

Flytt til Åseral

Tilflyttarnettstaden flytttilåseral.no er lansert, og med det startar ein rekrutteringskampanje som sørger for at kommunen konstant er synleg på nett. Målet med kampanjen er å setje Åseral på kartet, vekke interesse, og trekke til seg tilflyttarar. 

illustrasjonsbilete flytttilåseral.no

To faste stillingar og eit vikariat som sjukepleiar

Eining for omsorg får ledig eit vikariat og to faste 100% stillingar som sjukepleiar.
Stillingane er i tredelt turnus.

Om du ikkje ønskjer full stilling er det mogleg å søkje om ønska stillingsstørrelse. 

Artikkelbilde Stilling ledig

Tilbod om oppfriskingsdose mot Covid-19

Regjeringa har beslutta at kommunane nå kan gi oppfriskningsdose mot covid-19 til risikogrupper mellom 18 og 64 år. Tilbodet gjeld òg personar i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.

Dette vil i praksis seie at alle som tidligare har fått 4 vaksiner nå kan melde frå dersom dei ynskjer ei 5. dose. 

Det må vere minimum 4 månader sidan forrige dose og helst 3-4 månader etter gjennomgått Covidsjukdom (minimum 3 veker). 

Alle som vil ha vaksine må ta kontakt med legekontoret snarast. Det vil ikkje bli ringt eller sendt SMS med tilbod om vaksine. 

Vaksinestikk

Fristen for lag og foreiningar for å søke straumstøtte er 7.september!

Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknadar om straumstøtte, søknadsfristen er 7. september klokka 13:00.

Ordninga gjeld i perioden april 2022 til mars 2023, og vi legg opp til ei søknadsrunde kvart kvartal. Det kan no søkast om støtte for perioden april-juni 2022.

Formålet med straumstøtteordninga er å motverke negative konsekvensar av dei høge straumprisane.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.

Straumstøtteordninga lag og foreiningar

Kulturminnedagen 2022

Velkomen til kulturminnedagen 2022!
3 september klokka 13:00, oppmøte Espelid
Espelidburet – feiring av 400 år
 
Kulturminnedagen 2022