Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Kommunal støtte til luft-luft varmepumper

I møte 7. desember 2023 vedtok kommunestyret å auke tilskottet til luft-til-luft varmepumper frå 30% til 50% av kostnaden. Kvar huseigar kan få støtte til to pumper og maks tilskott per pumpe er sett til kr 15 000.

I same sak vedtok kommunestyret å avslutte ordninga med kommunal støtte til installering av solcellepanel. Grunngjevinga for dette er at staten ved ENOVA gir støtte til slike anlegg, men med atterhald om at den statlege støtta fell bort dersom huseigaren får støtte frå andre offentlege kjelder.

KI generert bilete av ei varmepumpe på vegg

Innmelding av treningstider - frist 5. september

Tildeling av treningstider skjer kvar haust, og gjeld for eit skuleår. 
Fristen for innmelding av treningstider for 2023/2024 er sett til 5. september 

Kommunelogo Åseral

Førehandsrøysting tysdag 29. august

Tysdag 29. august kan du førehandsrøyste på rådhuset fram til kl. 11:00. Mellom kl. 12:00 og 15:00 vil du kunne førehandsrøyste på Åseralsheimen

Valglogo

Filmen Gardsliv i Åseral

Fekk du ikkje sett filmen "Gardsliv i Åseral" i sumar?
Fortvil ikkje! Fram til jol kan du sjå filmen på Minne klokka 12:00 kvar dag vi har ope. 

Gardsliv i Åseral

Vi minner om utvida bandtvang i Åseral

Åseral kommune har fastsett forskrift om utvida bandtvang. Den utvida bandtvangen gjeld  frå 1. april fram til 9. september. 

Foto av ein Engelsk setter kvalp i band.

Førehandsrøysting i Åseral

Det er opna for førehandsrøysting på rådhuset fram til og med 8. september

NB! Hugs å ha med legitimasjon!

Vallogo

Utlegging av manntal

Manntalet blir lagt ut til offentleg gjennomsyn på Åseral rådhus og på Minne kultursenter (biblioteket) frå og med måndag 10. juli og heilt fram til valdagen 11. september.

Print