Kven kan få tenesta?

Tryggleiksalarm er ei ikkje lovpålagt teneste, men eit behovsprøva kommunalt tilbod.

Når kommunen mottek søknad vil det bli gjort ei kartlegging av behov og fagleg vurdering før vedtak fattes. Det er eit vilkår at brukaren må kunne nyttiggjere seg alarmen.

Kva kostar det?

Tryggleiksalarm er ei prisa teneste som regulerast ut frå kommunens gebyrregulativ/prisliste.

Klage

Vedtaket er eit enkeltvedtak ein kan klage på. Skriftleg klage sendast til den som har fatta vedtaket i kommunen. Kommunen har plikt til å gje naudsynt råd og rettleiing ved ei eventuell klage. Saka blir gått gjennom på nytt. I tilfelle vedtaket blir oppretthaldt, blir saka sendt vidare til Formannskapet i kommunen for endeleg handsaming.

Klagefrist er 3 veker frå du mottok vedtaket.