Retningsliner for tilskot til kulturminne i Åseral kommune

§ 1. Føremål 
Tilskotet skal bidra til at eit representativt utval av Åseral sine kulturminne og kulturmiljø blir bevart og aktivert, som grunnlag for oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.   

§ 2. Verkeområde  
Tilskot kan gjevast til bevaring av faste og immaterielle kulturminne. 

§ 3. Kriterium 
Følgjande kriterium blir lagt til grunn for handsaming av søknader: 

  • Fysiske tiltak som sikring, reparasjonar og istandsetting vert prioritert. Tilbakeføring til dokumentert tilstand kan kome i betraktning. Tilskot kan og gjevast til bustadhus, når huset er ein del av eit spesielt miljø ein meiner ein må taka vare på. Tilskotet skal då nyttast til å dekke meirkostnadene knytt til å sette i stand huset. Med meirkostnader tek ein utgangspunkt i kva det ville kosta å sette inn moderne alternativ. 
  • Særleg viktig interiør. 
  • Opplæring, informasjon, forsking og dokumentasjon som bidreg til bevaring. 
  • Utrekningar og tilstandsrapportar som bidreg til at prosjektet kan få støtte frå andre støtteordningar. 
  • Søkjarar må vere private eigarar, lag, stiftelsar og frivillige organisasjonar. 
  • Tilskotet skal ikkje dekke standardheving, modernisering, drift og driftsrelatert infrastruktur som VVS og EL.  
  • Det vert vurdert som positivt dersom tiltaket bidreg til styrking av handverkskompetanse innan antikvarisk istandsetjing, og dersom kulturminnet/kulturmiljøet er tilgjengeleg eller synleg for allmenta. 

§ 5. Søknadsfrist og handsaming av søknader 
Søknadar vert handsama jamleg. Søknadane vert handsama i formannskapet. 

§ 6. Krav til søknaden  
Søknad må sendast digitalt via Åseral kommune si nettside. 
Du kan søke om inntil 30% av den planlagde kostnaden for prosjektet, maksimalt 150.000 kroner.  
 
I søknaden skal du legge ved bilete av dagens situasjon, både av kulturminnet i sitt kulturmiljø og detaljbilete som viser eventuelle skadar, samt det planlagde tiltaket. Eventuelle gamle bilete eller teikningar som finst av bygget eller anlegget bør også leggast ved. Du bør opplyse om tiltaket som skal gjennomførast er søknadspliktig. Du bør legge ved pristilbod frå entreprenør som skal utføre arbeidet. I det elektroniske søknadsskjemaet finn du meir informasjon om kva søknaden må innehalde.  

Vi ber om at kommunen blir kontakta i god tid før arbeidet er planlagt, slik at staden kan synfarast av kulturkonsulent, eventuelt saman med representant frå fylkeskommunen.  

Tilskot vert normalt ikkje gjeven for prosjekt som allereie er satt i gong eller er ferdigstilt, men i einskilde tilfelle kan vi gjere unntak.  

§ 7 Vilkår for utbetaling av tilskot 
Innvilga tilskot blir utbetalt etter at arbeidet er fullført og innlevert rekneskap og dokumentasjon av endringar er godkjent. Frist for gjennomføring av tiltaket er 2 år etter at tilskotet er gjeven. Dersom ein av særskilde grunnar (sjukdom m.m.) ikkje kjem i gang med arbeidet som planlagt, kan ein søkje om utsetting. 

§ 8. Bortfall av tilskot og krav om tilbakebetaling  
Det vert bortfall av tilskotet dersom prosjektet ikkje er gjennomført etter føresetnadane.  
 

Vedteke i Åseral formannskap 16.09.2021

 

SØKNADSSKJEMA