Korleis søke?

Koordinerande eining tek imot og utreder søknader om dei fleste kommunale helse- og omsorgstenestene. Fyll ut skjemaet under, og beskriv dine hjelpebehov og kva slags tenester du meiner du trenger. Tenester ein kan søke på er til dømes heimesjukepleie, praktisk bistand, velferdsteknologi, middagsombringing og liknande. 

Koordinerande eining består av einingsleiar Omsorg Camilla Verdal, einingsleiar Helse og velferd, Laila Ljosland og leiar for heimetenesta Reneè Stanes. 

 

Klikk og send inn søknad om helse og omsorgstjenester

Handsaming av søknad

Når du har søkt og saka er vurdert, vil kommunen senda skriftleg avgjerd enten du får innvilga tenester eller ikkje. Dersom din søknad blir heilt eller delvis innvilga, vil det i vedtaket stå kva for tenester du har fått og kor omfattande dei er. Dersom det er naudsynt vil det bli henta inn opplysningar frå behandlande lege, evt. pårørande og frå journalsystemet. 

Klage

Du har rett til å klage dersom du ikkje er nøgd med vedtaket du har fått. Du kan klage dersom du er uenig i omfanget av vedtaket, eller hvis du har fått avslag på din søknad. 

Klagen skal sendes til koordinerende avdeling og tildeling for ny vurdering av saken. Dersom klagen ikkje tas til følge, blir saken sendt videre til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Du kan ta kontakt med kommunen for å få bistand til å utforme klagen.

Du kan også henvende deg til pasient- og brukerombudet i Agder dersom du har behov for råd, veiledning og informasjon om rettigheter som bruker eller pårørende.