Åseral kommune ser på næringsutvikling som ein svært viktig del av kommunens arbeid. Difor løyver kommunestyret kvart år middel i budsjettet til næringsarbeid. Avdelinga arbeider både med generelle rammevilkår for næringsutvikling og med den einskilde bedrift eller nyetablerar som ønskjer å utvikle ein forretningsplan eller foreta investeringar for å utvikle verksemda vidare. Med generelle rammevilkår meines store og små tiltak som kan gjera det meir attraktivt å bu i Åseral og å etablera verksemd her.
I tillegg handsamar avdelinga lovsaker innafor landbruket slik som: jordlov, skoglov, konsesjonslov, lov om forpakting og viltlova.
I kvar valperiode vedtek kommunestyret kommunens næringsplan. Planen uttrykker kommunens målsettingar for næringsarbeidet og slår fast ulike tiltak som skal gjennomførast for å nå målsettingane.
- Planarbeid tilhøyrande Plan- og bygningslova
- Matrikkelarbeid, frådeling, oppmåling og kartnett-tenester
- Byggesøknadar/saker som skal handsamast etter Plan- og bygningslova
- Fagleg- og driftsansvar for det kommunale vatn- og avløpsanlegget
- Private søknader om veg og avløp, tilskotsordning for nybygg
- Større kommunale byggeprosjekt blir administrert og leia frå denne eininga
- Kan levere CAD-tenester
Tilsette i samfunnsutvikling
Fagområde | Namn | E-post | Telefon |
---|---|---|---|
Byggesak | Bernt Elias Åsland | bernt.elias.asland@aseral.kommune.no | 909 12 732 |
Plan | Kari Røynlid | kari.roynlid@aseral.kommune.no | 901 29 245 |
Oppmåling/kart/GIS | Odin Refsnes | odin.refsnes@aseral.kommune.no | 976 48 330 |
Vatn/avløp | Hilde Stuestøl Berg | hilde.stuestol@aseral.kommune.no | 950 56 310 |
Jordbruk/skogbruk/vilt/fisk | Caroline Iveland | caroline.iveland@aseral.kommune.no | 477 62 087 |
Næring | Øyvin Moltumyr | oyvin.moltumyr@aseral.kommune.no | 911 36 483 |
Reiseliv/folkehelse | Randi Byremo | randi.byremo@aseral.kommune.no | 958 45 100 |
Veterinær | Daniel Gotheim | danielgotheim@hotmail.com | 957 46 419 |