Eininga er delt opp i fire grupper:

  • Åseralsheimen
  • Rehab/korttidsgruppa
  • Heimetenesten
  • Kjøkken
Dei fire gruppene er lokalisert i bygget til Åseralsheimen.
Åseralsheimen er kommunens sjukeheim, og gjer eit tilbod til dei som ikkje har moglegheit til å klare seg heime lenger. Heimen har 8 institusjonsplassar, og har eit godt tilbod til dei som bur der.

Rehab/korttidsgruppa er sett saman av dei som bur i omsorgsleiligheitene tilknytt Åseralsheimen og dei som er inn på korttidsopphald/ avlastningsopphald. Fokus for gruppa er opptrening og kvardagsrehabilitering knytt til brukarane.

Heimetenesten er hjelp som blir gjeve i heimen til brukarane. Det er eit mål at dei som bur i Åseral kommune skal få lov å vele å bu heime så lenge dei ynskjer. Ulike tenester er praktisk bistand i heimen og heimesjukepleie.

Kjøkkenet leverer måltider til desse tre gruppene, og har lang erfaring med tilpassa kosthald til den enkelte brukar.

Eininga har og ein administrasjon, ein sekretær og einingsleiar som er tilstade kvar dag mellom 0730-1500. Sekretæren er den som tar i mot telefonar og videreformidlar beskjedar til dei ulike gruppene. Einingsleiar har det overordna ansvaret for eininga.

Gruppeleiar Åseralsheimen, institusjon, rehabilitering/korttid: Synnøve Åsland
e-post: synnove.asland@aseral.kommune.no
Telefon: 38 28 59 20

Gruppeleiar heimetenestene: Renee Stanes
e-post: renee.stanes@aseral.kommune.no
Telefon: 38 28 59 20

Kjøkkensjef: Alma Abusland
e-post: alma.abusland@aseral.kommune.no
Telefon: 38 28 59 26 / 402 48 321

Kontorpersonale: Eva Håvorstad
e-post: eva.havorstad@aseral.kommune.no
Telefon: 38 28 59 20 / 902 57 071