Kven får plass?

Tildeling skjer ut frå søknad, helseopplysningar og vurdering av behov. Inntaksnemda i kommunen handsamar søknad og fattar vedtak om planlagde opphald.  Det kan vere aktuelt med utfyllande opplysingar frå fastlege. I nokre tilfelle er det spesialisthelsetenesta som søker om opphald på vegne av pasient etter sjukehusopphald. Desse søknadane blir handsama fortløpande av ansvarleg sjukepleiar.

Kva kostar det?

Betaling for korttidssopphald er regulert i Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester. 

For tida er prisen 185 kr per døgn (2023). I dei tilfelle ein passerar 60 døgn per kalenderår vil betalinga endre seg, og utrekning skjer då etter vederlagsberekning for opphald i institusjon. Kommunen vil då innhente naudsynte opplysingar om inntektsforhold.