Kommunedirektøren er kommunen sin øverste administrative leiar. Han skal sjå til at saker som blir lagt fram for folkevalde organ er utgreia på ein forsvarleg måte og at vedtak blir iverksett. Kommunedirektøren har i tillegg ansvar for at administrasjonen blir dreven i samsvar med lover, forskrifter, overordna instruksar - og at det blir ført kontroll med dette.

Kommunedirektøren har møte- og talerett i alle politiske utval, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle folkevalde organ, bortsett frå kontrollutvalget. Normalt møter kommunedirektøren i kommunestyret, formannskapet, administrasjonsutvalet, medan avdelingssjefar, økonomisjef og mellomleiarar møter i hovudutval/andre utval.

Kommunestyret gjer kvar valperiode vedtak om delegasjon av mynde til kommunedirektøren. Denne blir vidaredelegert til andre i organisasjonen med mindre kommunestyret har sagt at det ikkje skal skje.

Kommunedirektøren si leiargruppe

Kommunalsjef Dagne Ropstad
Kommunalsjef Astrid Marie Engeli
Leiar servicekontoret Odd Helge Liestøl
Personal- og organisasjonsleiar Ellen Ubostad Haaland
Økonomisjef Rune Hole Nilsen