Send biletet på mail til akt@aseral.kommune.no saman med 
- Namnet ditt (eventuelt instagramnamn i tillegg) 
- Kor bildet er tatt 

Vi krediterer alle fotografar. Alle som får bilete trekt ut som motiv på kortstokken får ein kortstokk i premie. Her er det berre å sende inn om du er fotograf, hobbyfotograf eller berre har tatt eit blinkskot med mobilen som du meiner er fint. Du kan sende inn så mange bilete du vil. Konkurranseperiode 25. januar til 15. juni 2022.

Vilkår:

Har du lyst til å delta i fotokonkurransen? Då må du lese dette: 
1. I løpet av perioden 25. januar – 15. juni 2022 skal det plukkast ut 52 bilete til ein kortstokk 
2. Åseral kommune sin fotokonkurranse er open for alle. Kvar deltakar kan sende inn så mange bilete han/ho ynskjer 
3. Juryen skal bestå av tre personar og blir peikt ut av Åseral kommune 
4. Bileta må vere i så stor oppløysning som mogleg og i jpg-, gif- eller png-format 
5. Bileta må vere tekne i Åseral 
6. Bileta må merkast med stadnamn 
7. Bileta vil bli vurdert etter skjønn, med vekt på at dei skal vise fram kommunen på en interessant og/eller estetisk måte 
8. Bileta bør vere i ståande format. Liggande bilete kan òg sendast inn, og vil eventuelt bli croppa for å passe i formatet på kortstokken. 
9. Ved å sende inn bilete samtykker du i at Åseral kommune får bruksrett til bileta i sine trykte og digitale flater i ubegrensa tid. Bileta vil bli kreditert med fotografen sitt namn.  
10. Personopplysningar (namn og e-postadresse) vil bli lagra i samband med bilete som blir arkivert i Åseral kommune sitt fotoarkiv 
11. Innsendar kan berre delta med bilete dei sjølv har fotografert. Det er innsendar sitt ansvar å sørge for at eventuelle personar på bileta har godkjent at bileta blir offentleggjort.  

 Vi vil vise fram nokre av bileta frå konkurransen på vår instagramkonto @aseral_kommune undervegs, så legg gjerne ved instragramnamet ditt om du har lyst til å bli tagga.  

 

Premie:

52 bilete blir motiv på kortstokken. Vinnarane får kvar sin kortstokk.  

 

Slik deltek du:

For å delta må du sende biletet på epost til akt@aseral.kommune.no-eller kommentere på facebookinnlegget under.
Skriv fotokonkurranse i emnefeltet. Skriv namnet ditt, kor biletet er teken og eventuelt instagramnamnet ditt.