I Noreg blir barnehagane drive etter lov om barnehagar og rammeplan for barnehagar. Der det ikkje er gjett dispensasjon skal dei i utgangspunktet ha ein dagleg leiar med barnefagleg eller pedagogisk utdanning. Pedagogiske leiarar må ha førskulelærarutdanning.

Etter barnehagelova sin føremålsparagraf skal barnehagen blant anna ivaretake barna sine behov for omsorg og leik, fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon.

 

KOMMUNALE BARNEHAGAR

I Åseral har vi én kommunal barnehage.
Kommunen driv eit omfattende generelt barnehagetilbod, men er også ansvarlig for å tilrettelegge for barn med funksjonshemmingar. 
Åseral barnehage sin hjemmeside

 

PRIVATE BARNEHAGAR

Private aktørar kan drive barnehage i kommunen gjett at visse vilkår oppfyllast og at søknadar innvilgast. Informasjon om drift av privat barnehage fås på førespurnad. Det er ingen private barnehagar i Åseral i dag.