BARN 0 - 6 ÅR MED SÆRSKILDE BEHOV

I dei fleste tilfeller vil eit ordinært barnehagetilbod vere godt nok til å imøtekomma barn sine individuelle behov, men i noen tilfeller kan det være naudsynt med særskilte tilrettelagde tilbod.

 

SPESIALPEDAGOGISK HJELP

Barn i barnehagealder med særskilte behov, kan ha rett til hjelp etter Barnehageloven § 31.

Føresette kan henvise til PPT og be om å få en sakkunning vurdering, dersom barnet trenger hjelp, støtte og tilrettelegging. Retten til spesialpedagogisk hjelp gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Dersom barnet går i barnehage bør søknaden fyllast ut i samarbeid med barnehagen.

Det kan henvisast for vurdering av spesialpedagogisk hjelp heile året.

Les meir om spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging:

 

SAKSGANG

  1. Føresette (ev. i samarbeid med barnehagen) sender ein henvising til Pedagogisk-psykologisk tjenestekontor (PPT) med bakgrunn i barnet sitt behov.
  2. PPT vurderar i den sakkunninge vurderinga om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp eller ikkje.
  3. Kommunen fatter deretter enkeltvedtak, som beskriver den spesialpedagogiske hjelpa barnet skal få (etter samtykke fra føresette).

 

KLAGE

Føresette kan klage på enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp. Dersom vedtaket vert oppretthaldt, sendes saken til Fylkesmannen i Agder for endelig handsaming.

 

KVA KOSTER DET?

Tilbodet om spesialpedagogisk hjelp er gratis for familien.

PEDAGOGISK STØTTE I BARNEHAGEN

Barn med nedsett funksjonsevne og barn i ein vanskeleg livssituasjon skal få eit godt og tilrettelagt tilbod. Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter Barnehagelova § 31.

I dei aller fleste tilfellar vil det ordinære barnehagetilbudet vere godt nok til å imøtekomma barna sine individuelle behov, men i noen tilfeller kan det være naudsynt med eit styrka barnehagetilbod.

Kommunen har ansvar for å fatte vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter Barnehagelova § 31, og å sette i verk desse vedtaka.

Barn med nedsett funksjonsevne kan også trenge særskilt tilrettelegging av fysiske og personalmessige forhold i barnehagen. Kommunen vurderer søknadane om ekstra tilskot og tildeler tilskotet til barnehagen. Tilskotet kan nyttast til å styrke bemanninga, redusere barnegruppa sin storleik, dekke særskilt materiell, osv.

SAMTYKKE FRÅ FORELDRE TIL PPT

Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT) er ein kommunal teneste heimla i Barnehagelova § 31. PPT er organisert i eit barnehageteam og eit skuleteam. Barnehageteamet består av spesialpedagog. Tenesten er kommunen si sakkunninge organ når det gjeld spesialpedagogisk hjelp og undervisning for barn i alderen 0 – 16 år.

 

KRAV TIL SØKJER

Før det fattast vedtak om å sette i gang den spesialpedagogiske hjelpa, skal det føreligge samtykke frå føresette. 

 

SØKNADSHANDSAMING

For barn under skulepliktig alder, utarbeidar PPT sakkunning vurdering om spesialpedagogisk hjelp. Den sakkunninge vurderinga er sett saman av ein utgreiings-, og en tilrådingsdel. Vurderinga sendast deretter til avdelinga (Barnehage eller Skule), som fatter vedtak om spesialpedagogisk hjelp.