Søknad om vaksenopplæring skuleåret 2021/2022

Vaksenopplæringa i Åseral kommune tilbyr/samarbeider med andre kommunar om norskopplæring og opplæring i grunnskulefag.

 

1. Opplæring i grunnskulefag

Etter opplæringslovens § 4A-1 kan vaksne ha rett til gratis opplæring som fører fram til grunnskuleeksamen.
Grunnskuleopplæring vil bli gitt i ein annan kommune..

 

2.Søknad om vaksenopplæring etter § 4A-2.
Spesialundervisning på grunnskulens område.

Opplæringslova § 4A-2:
«Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.»

 

3.Søknad om vaksenopplæring etter § 4A-2 pkt. 2. 
Spesialundervisning på grunnskulens område – grunnleggjande dugleik.

Opplæringslova § 4A-2:
«Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.»

Grunnleggjande dugleik er evna til å meistre:
- Grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
- Grunnleggjande lese-, skrive- og reknedugleik

 

4. Norskopplæring for arbeidsinnvandrarar.

Det er norskopplæring for arbeidsinnvandrarar hausten 2021. Opplæringa kostar kr 613,- pr. mnd + materiell. Undervisninga vil vere to kveldar i veka, med 2 undervisningstimar a`45 min. Sjå elles prislista til Åseral kommune.   

Blir starta opp dersom det er nok søkarar.

 

Søknadsfristar og skjema:

Søknadar til hovudopptak for neste skuleår må vere kommunen i hende seinast 5. juli. Opptak kan og gjerast på andre tidspunkt gjennom året.

Ta kontakt med Åseral kommune v/ Bernt Elias Åsland for skjema og rettleiing med søknad.

E-post: bernt.elias.asland@aseral.kommune.no