Ope kvar dag heile sumaren!

Tradisjon tru held Minne ope kvar dag heile sumaren. Her kan du kome å lese dagsferske avisar på biblioteket, du kan prøve dei freshe styltene som står på utsida, eller du kan sette deg og nyte ein is i ro og mak.

Kaffistova sel kompe, rjomegraut, kaffi, slush, smoothie, is, cookies, donuts, frappe med meir kvar dag! Her kan du altså få både varm mat og kald dessert gjennom heile sumaren.

På Minne finn du og turistkontoret i Kyrkjebygd. Ta gjerne turen innom og få med deg gode tips til turar og aktivitetar rundt om i heile kommunen.

Tæpeutstilling - Opning 2. juli

I år kan du få eit innblikk i gamle tradisjonar med vevde tæpe frå Åseral. 
Kva blei teppa brukt til? Korleis blei dei laga? Kven var desse folka som hadde teppene?
Vi har stilt ut fleire tepper frå rundt 1900 og tidlegare, og du kan sjå forskjellige teknikkar og bruksområder. 

Fyrste helga i juli blir det storstilt opning av utstillinga. 

Laurdag 2. juli klokka 13:00
- Arna Berg ynskjer velkomen og fortel om prosjektet.
- Katrine Holmegård Bringsdal fortel om Åkle i Åseral og Mandalen
- Emil Orthe på munnharpe
- Song av Kari Røynlid
- Felespel av Mari Ormberg
- Offisiell opning ved ordførar Inger Lise Lund Stulien

Sundag 3. juli klokka 13:00
- Katrine Holmegård Bringsdal fortel om vask og stell av tekstiler

Prosjektet er eit samarbeid mellom Åseral sogelag, Åseral Husflidlag, Åseral Bygdekvinnelag og Minne kultursenter, med støtte frå Agder fylkeskommune. 

Gøy på Minne - Drive-in kino og ungdomsarrangement 9. juli

Laurdag 9. juli inviterer vi alle ungdom og unge vaksne frå 13-20 år til Minne! Det blir konkurransar, mat, musikk og drive-in kino i eplehagen!
Klokka 20:00 opner dørene for ungdom mellom 13 og 20 år. Det blir aktivitetar, lagkonkurranse, mat, musikk og god stemning!
Klokka 23:30 er det drive-in kino i eplehagen, der Bygdekinoen sveiver i gong Jurassic word: Dominion på stort lerret over heile fasaden på Minne.
Du får tildelt ein plass til din ATV/UTV/moped/plenklyppar/sykkel/anna i hagen. Har du ikkje eigna doning (eller blir det ubehageleg å sitje på sykkelen heile filmen) kan du sjølvsagt sitte på plenen. Vi har nok av stolar og sitjeunderlag.

Kinoen er open for alle, men dei over 20 år må betale kinobillett: 120,-

Veteranbilhelg - 16. og 17. juli

Denne helga vil Kyrkjebygd bugne av veteran- og amcarbilar, det blir gudsteneste, dans, trekkspillmusikk, samlarmesse, mykje god mat og kake, og ikkje minst god stemning!

Laurdag 16. juli:
- Antikk og samlarmesse i fleirbrukshallen
- Ljosland fjellstove sel mat i kantina på skulen
- Klokka 11:00 er det Amcarutstilling. Premie for publikumsfavoritt
- Klokka 14:00 er det auksjon i fleirbrukshallen

Sundag 17. juli
- Veteranbilgudsteneste i Åseral kyrkje klokka 11:00
- Kompe, dessert og kakebuffet på bedehuset frå 12:00-17:00
- Hægebostad trekkspilklubb speler opp til dans på Minne klokka 14:00
- Antikk- og samlarmessa i fleirbrukshallen er ope frå 11:00-17:00
- Veteranbilutstilling ved skulen 

Bornas dag og demodag - 23. juli

Tradisjon tru - Vi inviterer til sumarens gøyaste familiedag på Minne! 
Flinke handtverkarar kjem og demonstrerer kva dei driv med, og «Plutselig sirkus» kjem og held heile to førestillingar og sirkusskule for born mellom showa. 
Vi kan vente oss demo av blant anna knivsmiing, spikking og keramikk, husflidslaget har forskjellige aktivitetar og det er heller ikkje utenkeleg at det dukker opp nokre blålys i løpet av dagen.
Sirkusshow klokka 12:30 og 14:00
Gratis inngong
Sirkusshow- og skule: kr. 50,- for born over 4 år

Utvandringa frå Åseral til Amerika

I 2021 hadde vi premiere på filmdokumentarane om utvandringa frå Åseral til Amerika.
I år vil vi vise filmane kvar dag klokka 13:00.

Utvandringa til Amerika blei redninga for mange menneske frå Agder. Berre frå Åseral var det over tusen personar som reiste vestover før fyrste verdskrig. I forbindelse med dette er det blitt produsert to dokumentarar som begge omhandlar utvandringa til Amerika, men i forskjellige tidsepokar.

Filmdokumentaren «Hunting for land» omhandlar Torgeir Anderson som var blant dei fyrste som utvandra frå Åseral til Amerika. I 1861 reiste han frå Ljosland i Åseral over fjellet til Sirdal, vidare til Stavanger og derifrå med seglskute til Quebec i Canada. Videre gjekk turen med elvebåt til Milwaukee, så til fots vidare inn i Midtvesten. Vi har følgd i fotspora hans heile vegen frå Ljosland i Åseral til grava hans i Minnesota.

Dokumentaren «Frå flor til floor» omhandlar Amerika i etterkrigstida. Her har vi konsentrert oss om spesielle hendingar Åsdølar opplevde, som blant anna Åseralsjenta som vann Miss Norway-tevlinga i USA, og då Stavangerfjord mista roret på veg heim til Noreg under ein orkan.