Opptak frå folkemøte 25.01.2024
Åseral kommune er i gong med å revidere kommuneplanens arealdel. I forbindelse med det inviterte ein til folkemøte i gamle gymsal 25. januar. Her kan du sjå opptak frå informasjonsdelen av møtet.
Her kan ein lære litt om kva ein arealplan er, kva som ligg inne i eksisterande plan og kva ein har tenkt til å sjå på i denne revideringa. I tillegg får ein eit innblikk i nokre av dei overordna føringane kommunen må forhalde seg til. Ein går også gjennom korleis ein kan sende inn innspel og kva som skjer med desse vidare i prosessen.
Til slutt kan ein sjå innlegg frå næringsrådet, som fortel litt om næringsareala som ligg i eksisterande plan.