UKM står for Ung Kultur Møtes, og er ingen talentkonkurranse slik ein ser på TV. UKM er ein arena der kreative unge kan vise kva dei er gode på eller lære noko heilt nytt, både på, bak og rundt scenen. Ein kan melde seg på UKM frå det året ein fyller 13, og heilt til året ein fyller 20.  

25. mars blei det arrangert "Kommunemønstring" på Minne i Åseral.  Allerede 2. april var det "Fylkesfestival" på Buen i Mandal, der nokon av bidraga frå kommunemønstringa representerte Åseral. Av alle frå heile agder som deltok på fylkesfestivalen blei nokre få plukka ut til å representere Agder på Landsfestivalen i Trøndelag i slutten av juni. Det er altså her dei tre ovannemnte har fått tilbod om å delta! 

Ungdommen vår setter verkeleg Åseral på kulturkartet!