Kommunestyret

Kommunestyret i Åseral har 17 medlemmer.

Kommunestyret har i utgangspunktet alt ansvar og all mynde i Åseral kommune.

Her finn du oversikt over medlemmar i kommunestyret, samt kontaktinfo.

Formannskapet

(Tidligere "kommunalutvalet")

Formannskapet har 5 faste medlemmar. Desse skal veljast av og blant kommunestyremedlemmane. Ordførar og varaordførar er faste medlemmar.

Formannskapet:
- handsamar saker som ikkje naturleg høyrer heime i eit av hovudutvala og som det ikkje er naturleg at blir lagt fram for kommunestyret.
- handsamar kultursaker
- tildeler tomter i næringsområdet.
- har mynde til å ivareta kommunen sine oppgåver etter Serveringsloven av 13. juni 1997.
- har ansvaret for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk og dei oppgåver som har tilknyting til kommunen sin arbeidsgjevarfunksjon.

Formannskapet har òg funksjon som Administrasjonsutval (+ 2 arbeidstakarrepresentantar), Kulturstyre, Klagenemd, Hasteutval, Overordna miljøutval, Likestillingsutval og valstyre.

Her finn du oversikt over medlemmar i formannskapet, samt kontaktinfo.

 

Hovudutval for oppvekst og levekår

Hovudutval for oppvekst og levekår (HOL) har 5 medlemmer oppnemnd av kommunestyret.

HOL har òg funksjon som klientutval.

Hovudutval for drift og utvikling

Hovudutval for drift og utvikling (HDU) har 5 medlemmer oppnemnd av kommunestyret.

HDU har òg funksjon som viltnemnd.

Fellesråd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Fellesrådet har 5 medlemmer. To politikarar og tre brukarrepresentantar

Barne- og ungdomsråd

Barne- og ungdomsrådet har 5 medlemmer.

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet har 5 medlemmer. Minst eitt medlem skal vere representert i kommunestyret.

Møteplan 2020: 04.02, 28.04, 09.06, 06.10 og 17.11. Møtestad: Åseral rådhus kl. 09:00.