Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Har du hugsa å søke om ferdigattest?

Når du er ferdig med eit søknadspliktig tiltak, må du søke om ferdigattest. Dette gjelder mellom anna nye bygg, tilbygg og innlegging av VA. 
Kommunen ser at det spesielt ved søknad om innlegging av VA er mange som ikkje søker om ferdigattest. 

Illustrasjonsfoto ferdigattest[1]

Lag- og foreiningskveld

Driv du med frivillig arbeid?
Eller har lyst du til å finne ut meir om ulike lag og foreiningar i Åseral?

Då er du hjarteleg velkomen til ei uformell samling på rådhuset i Kyrkjebygd onsdag 6/3 kl. 1800. 

Illustrasjonsfoto

Ekstra tilskot til grøfting/drenering i landbruket

Fylkestinget i Agder vedtok i desember 2024 å løyva 1 million kroner til landbruket for å auke dreneringsaktiviteten i fylket. 

I 2024 får ein 2000 kr. per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving. For annan grøfting kan ein få 30 kr. per løpemeter grøft avgrensa opp til 2000 kr. per dekar. Tilskotet er meint som eit supplement til den statlege ordninga som gjev 4000 kr. per dekar eller 61 kr. per løpemeter avgrensa opp til 4000 kr. per dekar. 

Illustrasjonsbilete frå dreneringsarbeid

Kulturpris og kulturstipend

Kven fortener Åseral kommune sin kulturpris eller kulturstipend?
Nominasjonar med grunngjeving kan leverast innan 1. mars (kvart år)

Artikkelbilde Kulturpris

Infokveld med Setesdal bygningsvernsenter

Minne kultursenter, 7. mars kl. 18:00

Eig du ei eldre bygning du har lyst til å fikse opp, men veit ikkje heilt korleis du skal gå fram? Då er dette for deg!

Kommunelogo Åseral

Advarer om usikker is på regulerte vann

Å Energi Vannkraft advarer mot at isen på regulerte vatn er usikker. Skigåarar, og andre som ferdast på vatna, blir oppmoda til å vere svært forsiktige.

Varselplakat om usikker is

Endring innan koronavaksinering

Det er ikkje lenger mogeleg å få koronavaksine på legekontoret. Dersom nokon treng vaksine må ein sjølv ta kontakt med vaksinekontoret Sørover for å avtale time.

Dette er gratis for innbyggarane i Åseral kommune. 

Illustrasjonsfoto av sprøytestikk

Kommunale avgifter 2024

Åseral kommunestyre har vedteke gebyrregulativet for 2024. Dersom du lurer på kvifor prisar for kommunale avgifter har auka, kan det opplysast at desse er justerte etter sjølvkostprinsippet. I tillegg har også kommunen subsidiert med eigne midlar. Gamle og nye prisar er å finne på prislista utlagt på kommunen si heimeside. I januar og februar blir det utelukkande betalt abonnementsavgift for vatn og for avløp. Det blir ikkje betalt for forbruk. Årsoppgjer kjem i starten av mars. Då vil det igjen bli å betale forskot for vatn og avløp på grunnlag av avlesing av vassmålar for 2023. Pga vedlikehald i systemet blei det ikkje sendt ut faktura så tidleg som ønskjeleg. Av den grunn blir forfall i februar og ikkje i januar som vanleg. 

Sjå heile prislista her!

Åseral Rådhus