Åseral kommune legg forslag til «Lokal forskrift om gebyr for sakshandsaming, tilsyn og kontroll etter forureiningsregelverket» ut til offentleg ettersyn og høyring.
Hovudutval for drift og utvikling vedtok i møte 21. oktober 2026, sak 42/26, å leggje forskriftsforslaget ut på høyring.
Høyringsfristen er 21. desember 2026.
Haustlandskap langs Ørevatn
Hennie Engedal Lindøe
Kva gjeld forskrifta?
Åseral kommune har ansvar for sakshandsaming, tilsyn og kontroll på fleire område etter forureiningsregelverket. Dette gjeld mellom anna private avløpsanlegg.
Føremålet med forskrifta er å gi kommunen eit tydeleg rettsleg grunnlag for å krevje gebyr for dette arbeidet. Gebyra skal dekkje kommunen sine kostnader til sakshandsaming, tilsyn og kontroll, i tråd med sjølvkostprinsippet.
Forskriftsforslaget omfattar mellom anna gebyr knytte til:
- Private avløpsanlegg ved bustader og fritidsbustader
- Utslepp av avløpsvatn frå mindre tettstader
- Opprydding i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid
- Utslepp av oljehaldig avløpsvatn
- Påslepp av feitt- og fetthaldig avløpsvatn
Årleg gebyr for tilsyn og kontroll
Forslaget inneber mellom anna at kommunen kan krevje eit årleg gebyr for tilsyn og kontroll med private avløpsanlegg.
Gebyret skal dekkje arbeidet med den samla tilsynsordninga. Dette kan omfatte dokumentkontroll, gjennomgang av rapportar, planlegging og gjennomføring av tilsyn og oppfølging av avvik.
Eit årleg gebyr betyr ikkje at kommunen skal gjennomføre fysisk tilsyn på kvart enkelt anlegg kvart år.
Dei konkrete gebyrsatsane skal fastsetjast årleg av kommunestyret gjennom kommunen sitt gebyrregulativ.
Sei di meining
Åseral kommune ønskjer innspel til forslaget før forskrifta blir lagt fram for endeleg politisk behandling.
Frist for å sende inn høyringsinnspel er 21. desember 2026.
Innspel kan sendast på e-post til post@aseral.kommune.no eller per post til:
Åseral kommune | Gardsvegen 68 | 4540 Åseral
Merk innspelet med «Høyring lokal forskrift om gebyr etter forureiningsregelverket», arkivsak 26/00674.
Høyringsdokument
Etter at høyringsfristen er gått ut, vil kommunen vurdere innkomne innspel før endeleg forslag til forskrift blir lagt fram for kommunestyret til behandling.