Finn informasjonssida
Du finn raskt fram til denne sida ved å besøkje adressa Informasjonspunkt ved kriser - Åseral kommune. Ho er òg tilgjengeleg i Innbyggjarappen sjølv om du er utan nettilgang.
Ver førebudd på kriser
Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at fleire ulike typar krisesituasjonar kan oppstå. Dei siste åra har dei fleste kommunane i landet opplevd ekstremvêr. Ved slike hendingar kan vi miste både straum, mobilnett og elektronisk kommunikasjon (internett) over ein lengre periode.
Informasjonspunkt
Ved hendingar som gjer at vi mistar straum, telefonkontakt, mobilt nettverk og internett over ein lengre periode, vil kommunen opprette og bemanne informasjonspunkt for innbyggjarar som treng hjelp. Personellet på desse stadene skal formidle kontakt mellom naudetatane og innbyggjarane. Dei skal òg formidle viktig informasjon mellom kommunen og innbyggjarane.
Det skal ein ekstraordinær situasjon til før dette blir sett i verk, men det er viktig at innbyggjarane kjenner til møtestadene før det skjer.
Kva kan du få hjelp til?
På informasjonspunkta kan du få:
- oppdatert informasjon om situasjonen lokalt
- informasjon om tenestene til kommunen og andre forhold som vedkjem innbyggjarane
- hjelp til å formidle viktige meldingar vidare til naudetatane
Viktig å vite
Informasjonspunkta erstattar ikkje eigenberedskap. Alle som kan, bør vere førebudde på å klare seg sjølve i éi veke. Då kan kommunen og naudetatane prioritere dei som treng mest hjelp. Informasjonspunkta erstattar heller ikkje dei ordinære tenestene. Er du til dømes sjuk, oppsøker du lege/legevakt.
Informasjonspunkt i Åseral
- Rådhuset i Kyrkjebygda
- Bortelid informasjonssenter med tilhøyrande butikk og kafé.
- Ljosland varmestue på skisenteret.
I tillegg er det laga ein plan for bruk av lokal postlevering for å få delt informasjon frå kommunen til innbyggjarane.
Informasjonspunkt og tilfluktsrom
Merk at informasjonspunkt og tilfluktsrom ikkje er det same.